Ny føre var-strategi til neste års laksefiske – Miljødirektoratet

«Frå neste år skal Miljødirektoratet leggje opp til ein meir forsiktig start på #laksefisket, der det heller kan opnast for meir fiske seinare dersom det kjem nok laks til elvane. Som følgje av rekordlågt innsig og fangstar av laks innleiingsvis i fiskesesongen i år, så Miljødirektoratet seg nøydde til å stanse fisket i 33 #vassdrag og tilgrensande #sjøområde i Sør-Noreg. Etter ei ny vurdering i byrjinga av juli vart dei ekstraordinære tiltaka i dei opphavlege elvane og fjordregionane noko justert. Samtidig vart det, som følgje av svake fangstar, vedteke ekstraordinære tiltak også i #Varangerfjorden, #Karlebotn, #Kjøfjord/#Bøkfjord, #Jarfjorden og i elvane rundt desse fjordane. I desse områda har innsiget i fleire etterfølgjande år vore vesentleg svakare enn det som ligg til grunn for reguleringane.»

«For å få lov til å fiske #laks tidleg i sesongen, må #elveeigarlag i elvar der det var spesielt lite laks i år leggje fram ein realistisk plan for korleis dei skal halde uttaket av laks på eit minimum inntil ein ser at det kjem nok laks opp i elvane, og fisket eventuelt kan aukast. Alternativet er å utsetje starten på fiskesesongen, seier Ellen Hambro»

«Der det viser seg at det var spesielt lite laks i år vil elveeigarlaga bli bedne om å leggje fram planar for korleis dei sjølv meiner fisket skal regulerast slik at det ikkje blir for fiska mykje laks. Basert på kunnskapsgrunnlag frå Norsk institutt for naturforskning og innspel frå elveeigarlaga vil #Miljødirektoratet fastsetje nye #reglar for fiske i desse #elvane, og samtidig innføre nye rutinar for korleis fiske kan regulerast lokalt gjennom sesongen»

Les mer her:

Ny føre var-strategi til neste års laksefiske – miljodirektoratet.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...